Vedtekne av årsmøtet 18.mai 2015
§ 1 Namn og organisering
Handalag Opplæringskontor (HO) er organisert som ei foreining og er eigd av dei verksemdene som betalar ordinær medlemskontingent.
Det geografiske arbeidsområdet skal vera midtre deler av Hordaland.
§ 2 Føremål
HO skal saman med medlemsbedriftene ha ansvar for å driva fagopplæring i samsvar med Opplæringslova.
§ 3 Medlemskap
§ 3.1 Verksemder som teiknar avtale om at HO skal ha det øvste juridiske ansvaret for lære- og opplæringskontraktar i verksemda (jamfør § 11-2 i forskrift til Opplæringslova), vert medlemer av YHO.
§ 3.2Medlemmer som har pågåande opplæringskontrakt med HO har 12 månaders oppseiingstid. Utmelding må skje skriftleg.
§ 3.3Vesentleg brot på avtale eller vedtekter er gyldig grunn for oppseiing av avtalen.
§ 4 Årsmøtet
§ 4.1Årsmøtet er opplæringskontoret sitt øvste organ
§ 4.2Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars
§ 4.3Innkalling skal sendast ut minst tre veker før årsmøtet.
§ 4.4Saksliste med vedlegg skal sendast ut seinast ei veke før årsmøtet. Innkalling og sakliste med vedlegg kan sendast elektronisk.
§ 4.5Sakliste til ordinært årsmøte:
a) Godkjenning av innkalling og sakliste
b) Val av møteleiar og referent
c) Val av to til å skriva under møteprotokollen
d) Årsmelding
e) Rekneskap
f) Medlemskontingent og fordeling av tilskot
g) Rettleiande budsjett / handlingsplan
h) Val av styre og styreleiar
i) Val av valnemnd
j) Val av revisor
k) Innkomne forslag
§ 4.6Årsmøtet skal vedta medlemskontingent og avgjera kor stor del av tilskotta som skal betalast til lærebedriftene i inneverande år og gi føringar for påfølgande år
§ 4.7Framlegg som er ønskeleg å legga fram for årsmøtet må vera styret i hende seinast to veker før årsmøtet.
§ 4.8Kvar medlemsverksemd har ei røyst på årsmøtet. Ved stemmelikskap, unnateke ved val, har møteleiaren dobbeltstemme. Ved stemmelikskap i val av styremedlemmer skal det trekkjast lodd.
§ 4.9Styret, eller minst ein tredel av medlemsverksemdene kan krevja ekstraordinært årsmøte. Innkallinga skal då gå ut med 2 veker varsel.
§ 5 Styret
§ 5.1Styret er HO sitt øvste organ mellom årsmøta.
§ 5.2Styret skal vera sett saman av leiar, fire medlemer og to varamedlemer
§ 5.3Styreleiar, styremedlemer og varamedlemer vert valde for to år om gongen.
§ 5.4Styret skal kalla inn til årsmøte etter gjeldande vedtekter.
§ 5.5Styret tilset dagleg leiar og fastset løn. Dagleg leiar har fullmakt til å tilsetja andre medarbeidarar. Dagleg leiar og styret er ansvarlege for at HO vert drive i samsvar med gjeldande lover og regelverk, vedtekter og i samsvar med økonomiske føresetnader og årsmøtevedtak. Vesentlege investeringar og endringar i drifta skal godkjennast av styret.
§ 5.6Styret har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i HO
§ 5.7Vesentlege endringar av drifta eller investeringar ut over budsjettet skal godkjennast av styret.
§ 5.8Styret skal vedta/endra reglar for bruk av fond for lærlingar.
§ 5.9Styret gjer vedtak om evt ekskludering av medlemsverksemder
§ 5.10Styret skal godkjenna og årleg revidera avtale om medlemskap i HO. Avtalen regulerer ansvarsområde og arbeidsoppgåver mellom HO og medlemsverksemdene.
§ 5.11Styret er vedtaksført med tre medlemmer
§ 6 Endring av vedtektene
§ 6.1Endring av vedtektene kan berre gjerast av årsmøte og krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte.
§ 6.2Framlegg til vedtektsendringar skal sendast ut saman med innkalling til årsmøtet
§ 7 Nedlegging av kontoret
§ 7.1Vedtak om nedlegging av kontoret kan berre skje etter vedtak på to etterfølgjande årsmøte med 2/3 fleirtal av dei frammøtte i begge møta.
§ 7.2Ved nedlegging skal midlane i ”Fond for lærlingar” fordelast mellom medlemene etter oppsette reglar.
Vedtekne av årsmøtet 18.mai 2015