LÆREBEDRIFT

Lærebedrift


Handalag Opplæringskontor samarbeider med bedrifter om opplæringstilbod i lokalasmfunnet.
Våre medlemsbedrifter held til i Kvam, Bjørnafjorden, Samnanger og Jondal.
Me vil gjerne samarbeida med fleire bedrifter og bransjar, ta gjerne kontakt! 

Kvifor bli lærebedrift?

Gi opplæringstilbod i lokalsamfunnet. 

Form den arbeidskrafta bedrifta treng. 

Få inn unge tankar.
Hent kompetanse til bedrifta.
Tilsette i bedrifta får prøva seg i nye roller som fagleg leiar eller instruktør.
Bedrifta får tilskot gjennom læretida. 

Fordelar med fagbrev

Å ta fag- eller sveinebrev i eit yrkesfag, vil for svært mange vera eit klokt val.
Du arbeider grundig med eit fag og tileignar deg mykje spesialkunnskap.
Størstedelen av kunnskapen lærer du gjennom praktisk øving saman med ein erfaren fagperson. Fag- og sveinebrev er eit dokument som viser at du er i stand til å planleggja, gjennomføra, dokumentera og å evaluera arbeidet ditt.

Eit fag- eller sveinebrev kan føra deg inn i mange typar interessante jobbar.

Vidare utdanning

Yrkesfag gir også eit godt utgangspunkt for å søkja høgare utdanning.

Via Y-vegen som finst innan ein del fagområder, kan ein fagarbeidar søkja seg rett inn på høgskule. Eventuelt kan du ta vg3 påbygg og få studiekompetanse.
Dersom du kombinerer eit fag- eller sveinebrev med til dømes ei ingeniørutdanning, blir du ein attraktiv kandidat på arbeidsmarknaden

Lenker med meir informasjon

Vilbli.no
Fylka si informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring. Vilbli.no.

Lånekassen.no
Som lærling kan du har rett til støtte gjennom Lånekassen. Stort sett vil dette gjelde dei lærlingane som ikkje kan bu heime i læretida. Sjekk støttekalkulatoren hos Lånekassen. 


Lovdata.no
Lærlingordninga er regulert av Opplæringslova og forskrifter