LÆREFAG

Lærefag


Velg yrkesfag og få eit fagbrev med på vegen!

Det er over 180 ulike lærefag å velja mellom.

Me jobbar med om lag 30 av dei idag, men vil gjerne ha med fleire fag og bransjar. Spør oss gjerne!

Fordelar med fagbrev

Å ta fag- eller sveinebrev i eit yrkesfag, vil vere eit klokt val for svært mange.
Du arbeider grundig med eit fag og tileignar deg mykje spesialkunnskap.
Størstedelen av kunnskapen lærer du gjennom praktisk øving saman med ein erfaren fagperson. Fag- og sveinebrev er eit dokument som viser at du er i stand til å planleggja, gjennomføra, dokumentera og å evaluera arbeidet ditt.

Eit fag- eller sveinebrev kan føra deg inn i mange typar interessante jobbar.

Vidare utdanning

Yrkesfag gir også eit godt utgangspunkt for å søkja høgare utdanning.

Via Y-vegen, som finst innan ein del fagområder, kan ein fagarbeidar søkja seg rett inn på høgskule. Eventuelt kan du ta vg3 påbygg og få studiekompetanse.
Dersom du kombinerer eit fag- eller sveinebrev med til dømes ei ingeniørutdanning, blir du ein attraktiv kandidat på arbeidsmarknaden

Lenker med meir informasjon

Vilbli.no
Fylka si informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring. Vilbli.no.

Lånekassen.no
Som lærling kan du har rett til støtte gjennom Lånekassen. Stort sett vil dette gjelde dei lærlingane som ikkje kan bu heime i læretida. Sjekk støttekalkulatoren hos Lånekassen. 


Lovdata.no
Lærlingordninga er regulert av Opplæringslova og forskrifter