Fleirfagleg opplæring midt i Hordaland
Handalag Opplæringskontor er eit fleirfagleg opplæringskontor som formidlar og administrerer lærlingar i mange ulike fag. Kontoret har 54 medlemsbedrifter og rundt 90 lærlingar.
Det er medlemsbedriftene som eig Handalag Opplæringskontor.
Handalag Opplæringskontor følgjer lærlingane frå lærekontrakta blir inngått til fagprøven er gjennomført. Gjennom læretida har me tett samarbeid med lærlingar og instruktørar, og syter for at det vert utarbeidd oversikter over kva læreplanmål som er gjennomgått.
Me syter for at bedriftene får den informasjonen dei treng om lærlingordninga, og tek ansvar for det administrative arbeidet, som til dømes søknad om godkjenning av bedrifter, lærekontrakter og oppmelding til fagprøve.