Om oss

HANDALAG OPPLÆRINGSKONTOR

Fleirfagleg opplæring midt i Hordaland

Om oss



Vår kjerneaktivitet - lærlingane

Handalag Opplæringskontor er eit fleirfagleg opplæringskontor som formidlar og administrerer lærlingar i fleire fag. Kontoret har 44 medlemsbedrifter og rundt 86 lærlingar (pr. 31.12.19).

Det er medlemsbedriftene som eig kontoret.


Handalag Opplæringskontor følgjer lærlingane frå lærekontrakt blir inngått til fagprøven er fullført. Heile læretida har me tett samarbeid med lærling og instruktørar, og syter for at det vert utarbeidd oversikter over kva som er gjennomgått av læreplanmåla.  Me syter for at bedriftene får den  informasjonen dei treng om det å ha lærling, og tek ansvar for "papirarbeidet" som til dømes søknad om godkjenning av bedrifter, lærekontrakter  og oppmelding til fagprøve.


Prosjekt

Kontoret har kompetanse i prosjektstyring, og har gjennomført fleire prosjekt knytt til  skule og næringsliv.


Kompetanseutvikling

Me kan også på førespurnad frå medlemsbedrifter tilby ulike korte sertifiseringskurs samt større kompetansehevande kurs.


Kontoret har dei seinare åra hatt ansvar for kurstilbod til dei som har eller er i ferd med å starta eiga bedrift.






































Vedtekter

Lenke til våre vedtekter finn du her.


Styre for 2020

Arne Tillung - Kvam Kraftverk -leiar- (2019 - 2020)

Gjermund Stuve - Landbrukstenester Hordaland (2019 - 2020)

Per Gunnar Hammer - Jondal kommune (2019 - 2020)

Kari Sagen - Kvam herad (2020 - 2021)

Monika Steinstø - Jan Mo AS (2020 - 2021)


Vara: Arne Lunestad, Kvammabygg (2019 - 2020)

Vara: Tormod Laupsa, Kvam Elektro (2020 - 2021)


Valnemd for 2021

Bjørn Øyri, GBS Entrepenør AS

Tone Søgaard, Handalag Opplæringskontor


Tilsette

Tone Søgaard

tone@handalag.no

Telefon: 91553338


Dagleg leiar



Svanhild Birkenes

svanhild@handalag.no

Telefon: 99103580


Ansvarleg for oppfølging med lærlingar og lærebedrifter.



Hilde Nielsen

hilde@handalag.no


Sekretær

Deltidtilsett med diverse administative oppgåver.

Hege Grane Hisdal

hege@handalag.no

Telefon: 91148954


Oppfølging av lærlingar og lærebedrifter