Vår kjerneaktivitet - lærlingane
Handalag Opplæringskontor er eit fleirfagleg opplæringskontor som formidlar og administrerer lærlingar i fleire fag. Kontoret har 54 medlemsbedrifter og rundt 90 lærlingar (pr. 1.12.23).
Det er medlemsbedriftene som eig kontoret.
Handalag Opplæringskontor følgjer lærlingane frå lærekontrakt blir inngått til fagprøven er fullført. Heile læretida har me tett samarbeid med lærling og instruktørar, og syter for at det vert utarbeidd oversikter over kva som er gjennomgått av læreplanmåla. Me syter for at bedriftene får den informasjonen dei treng om det å ha lærling, og tek ansvar for "papirarbeidet" som til dømes søknad om godkjenning av bedrifter, lærekontrakter og oppmelding til fagprøve.
Prosjekt
Kontoret har kompetanse i prosjektstyring, og har gjennomført fleire prosjekt knytt til skule og næringsliv.
Kompetanseutvikling
Me kan også på førespurnad frå medlemsbedrifter tilby ulike korte sertifiseringskurs samt større kompetansehevande kurs.
Kontoret har dei seinare åra hatt ansvar for kurstilbod til dei som har eller er i ferd med å starta eiga bedrift.
Vedtekter
Lenke til våre vedtekter finn du her.
Samansetning av styret for 2024:
Arne Tillung - Kvam Kraftverk (2023 - 2024) Leiar
Gjermund Stuve - Landbrukstenester Hordaland (2023 - 2024)
Håkon Kristian Tombre - Tombre Drift (2023 - 2024)
Kari Sagen - Kvam herad (2024 - 2025)
Monika Steinstø - Jan Mo AS (2024 - 2025)
Vara: Arne Lunestad, Kvammabygg (2023 - 2024)
Vara: Anita Storemark, Socon Norheimsund Sveis (2024 - 2025)
Valnemd for 2024
Bjørn Øyri, GBS Entrepenør AS
Tone Søgaard, Handalag Opplæringskontor
Tilsette
Svanhild Birkenes
Telefon: 99103580
Ansvarleg for oppfølging med lærlingar og lærebedrifter.