Om yrkesfag


Informasjonsfilm om faget

"Prosjekt til fordjupning" i den

vidaregåande skulen, yrkesfag.


         Nyttige lenkjer:



Om yrkesfag


Å ta fag- eller sveinebrev i eit yrkesfag, vil for svært mange vera eit klokt val. Du arbeider grundig med eit fag og tileignar deg mykje spesialkunnskap. Størstedelen av kunnskapen  lærer du gjennom praktisk øving saman med ein erfaren fagperson.  Fag- og sveinebrev er eit dokument som viser at du er i stand til å planleggja, gjennomføra, dokumentera og å evaluera arbeidet ditt. Eit fag- eller sveinebrev kan føra deg inn i  mange typar interessante jobbar.


Yrkesfag gir også eit godt utgangspunkt for å søkja høgare utdanning. Via Y-vegen som finst innan ein del fagområder, kan ein fagarbeidar søkja seg rett inn på høgskule. Eventuelt kan du ta vg3 påbygg og få studiekompetanse.   Dersom du kombinerer eit fag- eller sveinebrev med til dømes ei ingeniørutdanning, blir du ein attraktiv kandidat på arbeidsmarknaden


.































Ulike informasjonsfilmar om det å vera lærling. Her frå faga, tømrar, elektro,

barne- og ungdomsarbeidag, TAF lærling i helsearbeidarfaget, samt

kontor- og administrasjonfaget.