Vedtekter

HANDALAG OPPLÆRINGSKONTOR

Fleirfagleg opplæring midt i Hordaland

Handalag Opplæringskontor sine vedtekter



§ 1 Namn og organisering

Handalag Opplæringskontor (HO) er organisert som ei foreining og er eigd av dei verksemdene som betalar ordinær medlemskontingent.

Det geografiske arbeidsområdet skal vera midtre deler av Hordaland.


§ 2 Føremål

HO skal saman med medlemsbedriftene ha ansvar for å driva fagopplæring i samsvar med Opplæringslova.


§ 3 Medlemskap

§ 3.1   Verksemder som teiknar avtale om at HO skal ha det øvste juridiske ansvaret for lære- og opplæringskontraktar i verksemda (jamfør § 11-2 i forskrift til Opplæringslova), vert medlemer av YHO.

§ 3.2 Medlemmer som har pågåande opplæringskontrakt med HO har 12 månaders oppseiingstid. Utmelding må skje skriftleg.

§ 3.3 Vesentleg brot på avtale eller vedtekter er gyldig grunn for oppseiing av avtalen.


§ 4 Årsmøtet

§  4.1 Årsmøtet er opplæringskontoret sitt øvste organ

§  4.2 Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars

§  4.3 Innkalling skal sendast ut minst tre veker før årsmøtet.

§  4.4 Saksliste med vedlegg skal sendast ut seinast ei veke før årsmøtet. Innkalling og sakliste med vedlegg kan sendast elektronisk.

§  4.5 Sakliste til ordinært årsmøte:

a) Godkjenning av innkalling og sakliste

b) Val av møteleiar og referent

c) Val av to til å skriva under møteprotokollen

d) Årsmelding

e) Rekneskap

f) Medlemskontingent og fordeling av tilskot

g) Rettleiande budsjett / handlingsplan

h) Val av styre og styreleiar

i) Val av valnemnd

j) Val av revisor

k) Innkomne forslag

§  4.6 Årsmøtet skal vedta medlemskontingent og avgjera kor stor del av tilskotta som skal betalast til lærebedriftene i inneverande år og gi føringar for påfølgande år

§  4.7 Framlegg som er ønskeleg å legga fram for årsmøtet må vera styret i hende seinast to veker før årsmøtet.

§  4.8 Kvar medlemsverksemd har ei røyst på årsmøtet. Ved stemmelikskap, unnateke ved val, har møteleiaren dobbeltstemme. Ved stemmelikskap i val av styremedlemmer skal det trekkjast lodd.

§  4.9 Styret, eller minst ein tredel av medlemsverksemdene kan krevja ekstraordinært årsmøte. Innkallinga skal då gå ut med 2 veker varsel. 


§ 5 Styret

§  5.1 Styret er HO sitt øvste organ mellom årsmøta.

§  5.2 Styret skal vera sett saman av leiar, fire medlemer og to varamedlemer

§  5.3 Styreleiar, styremedlemer og  varamedlemer vert valde for to år om gongen.

§  5.4 Styret skal kalla inn til årsmøte etter gjeldande vedtekter.

§  5.5 Styret tilset dagleg leiar og fastset løn. Dagleg leiar har fullmakt til å tilsetja andre medarbeidarar. Dagleg leiar og styret er ansvarlege for at HO vert drive i samsvar med gjeldande lover og regelverk, vedtekter og i samsvar med økonomiske føresetnader og årsmøtevedtak. Vesentlege investeringar og endringar i drifta skal godkjennast av styret.

§  5.6 Styret har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i HO

§  5.7 Vesentlege endringar av drifta eller investeringar ut over budsjettet skal godkjennast av styret.

§  5.8 Styret skal vedta/endra reglar for bruk av fond for lærlingar.

§  5.9 Styret gjer vedtak om evt ekskludering av medlemsverksemder

§  5.10 Styret skal godkjenna og årleg revidera avtale om medlemskap i HO. Avtalen regulerer ansvarsområde og arbeidsoppgåver mellom HO og medlemsverksemdene.

§  5.11 Styret er vedtaksført med tre medlemmer



§ 6 Endring av vedtektene

§  6.1 Endring av vedtektene kan berre gjerast av årsmøte og krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte.

§  6.2 Framlegg til vedtektsendringar skal sendast ut saman med innkalling til årsmøtet



§ 7 Nedlegging av kontoret

§  7.1 Vedtak om nedlegging av kontoret kan berre skje etter vedtak på to etterfølgjande årsmøte med 2/3 fleirtal av dei frammøtte i begge møta.

§ 7.2 Ved nedlegging skal midlane i  ”Fond for lærlingar” fordelast mellom medlemene etter oppsette reglar.



Vedtekne av årsmøtet 18.mai 2015